Gå direkte til innhold
Vegtilsynet

Samfunnsoppdrag

Til det beste for trafikantane

Vegtilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Samfunnsoppdraget vårt er gitt gjennom instruks og tildelingsbrev.Utgangspunktet for Vegtilsynet sitt arbeid er målsetjing om ein nullvisjon for drepte og hardt skadde i trafikken.Vegtilsynet skal:

  • Føre tilsyn med Statens vegvesen og Nye Veier AS

  • Følge opp tryggleikstilråding fra Statens Havarikommisjon innan veg

  • Vera ein pådrivar for eit sikkert og formålstjenleg vegnett

Vegtilsynet er Samferdselsdepartementet si fageining som skal føra tilsyn med at krav om tryggleik knytt til riksveginfrastrukturen er ivareteke av Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg.

Vegtilsynet skal arbeide for at verksemdene Statens vegvesen og det statlege utbyggingsselskapet for veg, vert utøvd på ein sikker og føremålstenleg måte, til det beste for trafikantane på vegen. Tilsynet skal vidare vera ein aktiv pådrivar for eit sikkert og føremålstenleg vegnett i tråd med overordna mål for transportpolitikken.

Vegtilsynet held til på Voss.